 |
| Nye sortar |
|
Cortaderia araucana:
|
Har glede av å kunne tilby ein
ny og spennande pampasgrasart frå våren 2010.
Cortaderia araucana kom eg over første gong i fjellhagen
på Milde.
Dette er plantar dei har dyrka fram frå frø innsamla
i Chile.
Plantane vert rundt 150 cm høge og blomstrar i august og
utover.
Kor hardfør den er veit eg ikkje enno, men bør
prøvast i gode strøk.
Mine plantar er dyrka av frø eg har fått frå
Milde. (Venstre foto).
|

|
Impatiens namchabarwensis:
|
Vil også i år ha for sal
her Impatiens namchabarwensis som er ein blå art av
impatiens.
Vart oppdaga i ei avsidesliggande kløft i Tibet i 2003.
(Høgre foto).
Sjå forøvreg: Link til Blå impatiens.
|
|
Prydgras:
Phalaris Arctic Sun har komme like ned til Italia.
Foto: Håkon Vangsnes
|
 |
|
Petunia Arnhild:
Foto: Håkon Vangsnes
|
Nautesund Plantesalg har glede av
å tilby kundane sine ein ny norsk hengepetunia.
Sorten "Arnhild" er ein sport/mutasjon av Surfinia "Blue
Vein".
Fargen er ein mellomting mellom blå og lilla. Elles har
planten alle dei gode eigenskapane
frå "Blue Vein" og er blandt det beste av det beste
når det gjeld hengepetunia.
|
 |
|
Petunia Pink Ice:
Foto: Håkon Vangsnes
|
Hengepetunia med rosa blomar og
brokete blad.
Dette er ein sport/mutasjon som eg fann her i 1996.
Kom først på markedet i Storbritannia i 2000 der den
selde over 800 000 plantar.
Kom på det norske markedet og andre europeiske land i
2002. |
 |
|
 |