Nautesund Plantesalg Katalog B - Diverse plantar - Tekstversjon


--------------------------------------

D. Diverse plantar

--------------------------------------

D1. Busker og tre, store.


Acer japonica 'Aconitifolium'. Japanlønn.
Fint flika bladverk på 2-3 m høg buske, spesielt fin raud haustfarge.

Acer palmatum 'atropurpureum'. Vifteblodlønn.
Lite tre på rundt 3 meter med flika raude blad. Fin kontrastplante, surjordsplante.

Acer shirasawanum 'Aureum'. Viftelønn.
Gulblada liten viftelønn, 80 cm, sur jord.

Aesculus carnea 'Briotii'. Raud hestekastanje.
Store blad raude blomar i juni-juli, ca 10-15 m.

Andromeda polifolia 'Blue Ice'. Rosmarinlyng.
Fin vintergrøn plante for surjord/torvbed. Lillarosa 30 cm.

Buddleia davidii 'Royal Red'. Sommarfuglbusk.
Verdifull buske for si seine blomstring på ettersommaren. Bør klippast sterkt ned om våren slik at den vert tett og fin. Kan vekse rundt 2 meter på ein sommar. Raudlilla.

Caragana arborescens 'Pendula'. Hengesibirertebusk.
Lite hengande tre, 2 m. Gule blomar i juni-juli.

Cassiope 'Edinburgh'. Skjellyng.
Dannar tette tuer med kvite små klokker i mai - juni. Fin plante for fjellhage/torvbed.

Cercidiphyllum japonicum 'Pendula'. Hjertetre.
Lite tre med hengande vekseform. 1,5-3 m. Gule/raude haustfargar.

Cercidiphyllum japonicum. Hjertetre.
Egnar seg godt som frittståande, opp til 10 m. Fint koparfarga bladverk om våren og fin haustfarge.

Chiliotrichum diffuusum 'Siska'. Prestekragebusk.
Vintergrøn busk på rundt meteren, kvite prestekrageliknande blomar om sommaren, best på tørr og mager jord i full sol.

Corylus avellana "Contorta". Vrihassel.
Vridde blad og greiner, 2-3m. Greiner gode til dekorasjonar.

Corylus maxima 'Purpurea'. Blodhassel.
Fin kontrastplante, lite tre 3-4 m, raudt bladverk.

Cotoneaster 'Coral Beauty'. Vintermispel.
Ein av dei beste dekkplantar som finnst, veks fort utover og dekkje godt, raude bær om vinteren, rundt 40 cm høg.

Craetaegus laevigata 'Pauls Scarlet'.
Eit av dei finaste tre for hagen, men dessverre utsett for rust som skjemmer plantane, rosa fylte blomar i juni, 3-6 m.

Cytisus decumbens. Krypgyvel.
Vert låg (ca 20 cm) og krypanes. Best i full sol og tørr vekseplass. Dekka med gule blomar i juni.

Cytisus praecox 'Allgold'. Vårgyvel.
1,5 m høg busk med mørk gule blomar i mai. Trivst best på tørr og solrik plass.

Cytisus scoparius 'Andreanus'. Sandgyvel.
Tofarga blomar i gult og raudt, ca 2 m.

Cytisus scoparius 'Boskop Ruby'. Sandgyvel.
Raude blomar. Ein av dei finaste gyvlar. Best i full sol på mager jord, 2 m.

Daboecia cantabrica 'Purpurea'.
Lyngart med rosalilla blomar, 30 cm, fin for fjellhage/torvbed, må ha lun vekseplass.

Deutzia gracilis. Småstjernetopp.
Lita buske med rosa blomar, 80 cm.

Deutzia hybrida 'Mont Rose'. Hybridstjernetopp.
Lillarosa blomar i juni, 1-2 m.

Enkianthus campanulatus. Klokkeenkiant.
Fin buske for kalkfri/torvhaldig jord. Gule klokker på forsommaren, spesielt fin haustfarve, 2-3 meter.

Erica carnea. Vårlyng.
Burde finnast i alle hagar, lang blomstringstid. Fin i fjellhage/torvbed. Dannar tuer på rundt 20 cm. Frå kvite til lilla og rosa nyansar.

Erica cinerea. Purpurlyng.
Har lang blomstrinstid om sommaren, rundt 25 cm i forskjellige fargar frå lilla til kvite.

Erica tetralix 'Con Underwood'. Poselyng.
Fin lyng for fjellhage/torvbed, 25 cm.

Erica vagans 'Mrs D. F. Maxwell'. Haustlyng.
Er verdifull for si seine blomstring, rosa blomar i august-oktober, 25cm.

Euonymus fortunei 'Emerald Gaiety'. Klatrebeinved.
Vintergrøn lita busk med kvitbrokete blad, ca 30 cm.

Euonymus fortunei 'Emerald Gold'. Klatrebeinved.
Har gulbrokete blad, 30 cm.

Euonymus nanus turkestanus. Steppebeinved.
Lita buske med vintergrøne smale blad, krypande 0,5-1 m.

Euonymus planipes. Sakalinabeinved.
Vert dyrka for sine fine orangeraude frukter om hausten, 3-4 m.

Fargesia murielae 'Hareskov'. Gul bambus.
Vintergrøn, 2-3 meter.

Fargesia murielae 'Simba'. Gul bambus.
Vintergrøn, 2 meter høg.

Forsythia intermedia 'Gold Bells'. Gullbusk.
Tidlegblomstrande buske, 1,5-2 m, fin til driving.

Hydrangea aspera 'Macrophylla'. Himalayahortensia.
Vert ein buske på eit par meter med store lodne blad, lilla blomar i august - september.

Hydrangea paniculata 'Grandiflora'. Syrinhortensia.
Er spesielt verdifull på grunn as si seine og lange blomstringstid. Kvite blomar i skjemar i august-oktober. Kan vekse fritt eller klippast ned om våren. Vil då halde seg liten og kompakt.

Hypericum 'Hidcote'. Gullperikum.
Delvis vintergrøn buske på rundt 60 cm, store gule blomar på ettersommaren og hausten.

Ilex aquifolium 'Argentomarginata'. Kristtorn.
Brokete blad og raude bær, rundt 3 m.

Ilex aquifolium 'Pyramidalis'. Kristtorn.
Pyramideforma veksemåte, set rikeleg med bær, 4 m.

Kerria japonica 'Pleniflora'. Soleiebusk.
Grøne greiner, fylte gule blomar utover sommaren, rundt meteren høg.

Kolkwitzia amabilis 'Pink Cloude'. Fagerbusk.
Må stå i full sol og lett jord for å blomstre rikt. Rosa blomar i juni. 2-3 meter.

Lavandula angustifolia 'Munstead'. Lavendel.
Bør stå solrikt og i lett jord, vintergrøn lita busk med blåe blomar, 40 cm.

Magnolia sieboldii. Sommarmagnolia.
Lite tre med kvite blomar i juli-august, 3-6 meter, sur jord.

Malus 'Liseth'. Prydeple.
Lite tre med raude blad og raude blomar i mai. Raude små epler om hausten. 3-4 m.

Nothofagus antarctica. Sydbøk.
Tre med små blad og litt vridde greiner. 3-5 m.

Olearia x haastii.
Vintergrøn busk med små kvite blomar i skjermar. 1-2 m. Bør stå lunt.

Phylliopsis hillerii 'Pinoccio'.
Fin lita vintergrøn buske med rosaraude blomar i juni, fin for lyng/torvbed.

Physocarpus opulifolius 'Darts Gold'. Gul blærespirea.
God kontrastplante med gulgrønt bladverk, 2-3 m.

Physocarpus opulifolius. Blærespirea.
Raudbrune blad, god kontrastplante, 2-3 m.

Pieris japonica 'Little Heath'.
Lita vintergrøn busk med kvitbrokete blad og kvite blomar, raudbrun nyvekst, 60 cm, surjordsplante.

Pieris japonica 'Mountain Fire'.
Fin pieris med raudfarga nyvekst, kvite blomar, 80 cm, sur jord.

Polygala chamaebuxus. Buskblåfjør.
Ein fin liten vintergrøn plante for fjellhagen, blomstring både vår og haust, lett jord og sol, 10 cm og teppedannande.

Potentilla fruticosa 'Goldfinger'. Buskmure.
Oprett vekst og sterk gule blomar juni-september, 1 m.

Potentilla fruticosa 'Goldteppic'. Buskmure.
God låg buskmure med utoverliggjande vekst, 50 cm, gul.

Potentilla fruticosa 'Longacre'. Buskmure.
Lys gul buskmure med nesten krypande vekst, 40 cm.

Potentilla fruticosa 'Pretty Polly'. Buskmure.
Rosa blomar, 60 cm.

Potentilla fruticosa 'Tilford Cream'. Buskmure.
Låg krypande buskmure med kremkvite blomar, 30 cm.

Prostranthera cuneata. Peppermyntebusk.
Ei lita vintergrøn busk med utoverliggjande vekst, kvite blomar om sommaren, 30 cm - 1 m. Lun vekseplass.

Prunus laurocerasus 'Etna'. Laurbærhegg.
Storblada laurbærhegg med kvite blomar om våren, skuggetålande, 1,5-2 m.

Prunus Serr 'Kanzan'. Japankirsebær.
Oprett vekst, rosa fylte blomar om våren, 4-8 m, fint som frittståande.

Prunus Serr 'Kiku-Shidare-Zakura'. Hengekirsebær.
Hengeform med rosa fylte blomar, 3 m.

Ribes sanguineum 'Koja'. Blodrips.
Verdifull for si tidlege blomstring april-mai, raude hengande blomar, 2-3 meter.

Rubus odoratus. Rosebær.
Villeg buske for utsette plassar, rosa blomar frå sommar til haust.

Skimmia japonica 'Rubella'.
Lita vintergrøn busk med kvite duftande blomar i mai, 1 m.

Sorbus vilmorinii. Vilmorinrogn.
Fint lite tre med kvite blomar og rosa bær, 3-4 m.

Spirea 'Snowmound'. Nipponspirea.
Ei av dei beste for hekk og skråning, kvit 1,5-2 m, haustfarge.

Spirea japonica 'Alpina'.
Dvergform av japanspirea, rosa 50 cm.

Spirea japonica 'Antony Waterer'. Rosespirea.
Karminraude blomar i juli-august, 70 cm.

Spirea japonica 'Little Princess'. Japanspirea.
Rosa blomar i juli-august, 70 cm.

Spirea nipponica 'Halwards Silver'. Nipponspirea.
Kvite blomar i mai-juni, 80 cm.

Stephanandra incisa 'Crispa'. Flikkranstopp.
Fin dekkplante med få krav, små kvite blomar, 80 cm.

Syringa meyeri 'Palbin'. Dvergsyrin.
Lita busk på rundt meteren, rosa duftande blomar i mai -juni.

Syringa Syrin.
Forskjellige sortar.

Trochodendron araloides.
Lite vintergrønt tre som burde plantast meir. Egnar seg godt på naturtomtar. 2-3 m.

Viburnum davidii. Glanskrossved.
Lita vintergrøn busk med fint bladverk. Bør stå lunt og i god jord. Etter dei kvite blomane kjem det fine blåe bær.

Viburnum farreri. Marskrossved.
Denne buska er verdifull for si tidlige blomstring. Rosa duftande blomar i mars-april. 2-3 meter.

Viburnum rhytidophyllum. Vinterkrossved.
Ei busk som burde plantast meir. Bør stå lunt så bladverket ikkje vert øydelagt av vind. Skjermar av kvite blomar på forsommaren. 2-3m.

Weigela florida 'Minuett'. Klokkebusk.
Nyare sort som held seg låg, rundt 50 cm. Rosa blomar.

Weigela middendorfiana. Gul klokkebusk.
Klokkebusk med gule blomar i mai - juni. 1-2 m.


------------------------------

D2. Rhododendron.


Rhododendron 'Abendrot'.
Tett plante med glinsande bladverk og mørk raude blomar, ca 60 cm høg, brei vekst.

Rhododendron 'Anna Baldsiefen'.
Lillarosa blomar i slutten av april, rundt 90 cm høg.

Rhododendron 'April Rose'.
Tidleg blomstrande sort med fylte purpurrosa blomar, ca meteren høg plante som får bronsebrunt bladverk om vinteren.

Rhododendron 'Babette'.
Lys gul yakushimanumhybrid med godt bladverk, ca 1 m høg.

Rhododendron 'Belkanto'.
Gul/lys rosa, ca 120 cm høg.

Rhododendron 'Berryrose'. Lauvfellande Azalea.
Laksrosa, ca 150 cm høg.

Rhododendron 'Better Half''.
Raude blomar som varer lenge, rundt 60 cm høg.

Rhododendron 'Blurettia'.
Lilla blomar på ein tett og fin plante på rundt 100 cm.

Rhododendron 'Carmen'.
Uvanleg mørkeraud farge på ein tett seintveksande plante, ca 30 cm.

Rhododendron 'Catawbiense Grandiflora'.
Er vel den mest kjende og planta rhododendron på vestlandet, flott og sunn plante som kan verte svært stor, opp til 3-4 meter.

Rhododendron 'Chynthia'.
Storvaksen gamal sort med djuprosa blomar, 2-3 meter.

Rhododendron 'Erato'.
Flott mørkeraud rhododendron på ca 150 cm, kvite støvberarar.

Rhododendron 'Eruption'.
Spesiell sort med blomar som har mørkt raudt svelg og kvit ytterst.

Rhododendron 'Frost Hexe'.
Liten plante, 30 cm, lillablå.

Rhododendron 'Gartendirector Glocker'.
God williamsianumhybrid med raudrosa blomar og godt bladverk, rundt meteren høg.

Rhododendron 'Geisha Orange'.
Japansk azalea, lys raud, ca 50 cm.

Rhododendron 'Goldkrone'.
Ein av dei beste gule rhododendron, vert vel halvmeteren høg. Blankt bladverk.

Rhododendron 'Graziella'.
Rhododendron med spesielt flott bladverk, smale spisse blad. Ca 100 cm høg, lyseraud litt småe blomar.

Rhododendron 'Himalaya'.
Flott asalea med skarp rosa blomar, ca 50 cm høg.

Rhododendron 'Intermedium'.
Liten rhododendron med rosa blomar, 40 cm.

Rhododendron 'Lilofee'.
Fin sort med mørklilla blomar, ca 150 cm høg.

Rhododendron 'Madam Felle'.
Blomservilleg sort med raudfiolett farge, vert ca 2 meter høg.

Rhododendron 'Maruscha'.
Ein av dei beste japanske azalea for vårt klima, flott bladverk som vert bronsebrune om vinteren, mørkeraud , ca 50 cm.

Rhododendron 'Molle'. Lauvfellande Azalea.
Rosa eller gul, ca 2 meter høg.

Rhododendron 'Nicoletta'.
Lågtveksande og tett rhododendron, lysrosa blomar med mørk ganeflekk, ca 50 cm.

Rhododendron 'P. J. Mezitt'.
Ein av dei tidlegaste rhododendron i blomst april - mai. Rosa ca 1 m høg.

Rhododendron 'Patty Bee'.
Ein Av dei beste låge gule rhododendron, lys gule blomar og friskt bladverk, ca 40 cm.

Rhododendron 'Percy Wiseman'.
Rundt meteren høg plante, med fleirfarga blomar i gult, fersken og rosa sjatteringar.

Rhododendron 'Persil'. Lauvfellande Azalea.
Kvit med gult svelg, 1,5 m høg.

Rhododendron 'Radicans Milde'.
Flott krypande rhododendron med purpurosa blomar, 20 cm.

Rhododendron 'Red Carpet'.
Kansje den beste repenshybrid, krypande vekst, 60 cm med raude blomar.

Rhododendron 'Scarlet Wonder'.
Kanskje den mest planta og kjende av dei raude små, plantane. Vert vide og frå 50-100 cm høge.

Rhododendron 'Songbird'.
Liten fin rhododendron, rundt 70 cm med blåe blomar tidleg i mai.

Rhododendron 'Stadt Essen'.
Lysrosa williamsianumhybrid med lysrosa blomar og god vekst, ca 1 m høg.

Rhododendron 'Too Bee'.
Fin liten rhododendron med tofarga blomar raudrosa/krem, 25 cm.

Rhododendron 'Tromba'.
Nyare williamsinumhybrid med raude blomar, nyskudda er brune, god plante på rundt meteren.

Rhododendron 'Virginia Richards'.
Ein av dei beste i sin farge. Aprikosfarga blomar som står lenge, har også fint bladverk. Ca opp til 2 meter høg.


------------------------------

D3. Roser.

D3.1 Roser, busk.

Rosa 'Agnes' Buskrose.
Rugosakultivar med lys gule roser med duft. 1,5 m høg. Hovedblomstring tidleg sommar deretter sporadisk gjenblomstring.

Rosa 'Aicha'.
Pimpinellrose. Gul-kremgul enkle roser m. raudbrune støvdragar. Duft. Ca 2 m høg. R (H5)

Rosa 'Aloha'.
Busk-/klatrerose. Rosa m.gult. Hardfør, regnsterk og blomsterrik. Ca 1,5 m. God duft. R (H4-H5)

Rosa 'Blanc Double De Coubert'.
Rynkerose. Halvfylt kvit. Duft. Ca 1,5 m. R (H7)

Rosa 'Buff Beauty'.
Moskusrose. Aprikosgul. Blomsterrik. Ca 120 cm høg. God duft. R (H4)

Rosa 'Celestial'.
Kvitrose. Halvfylt lys rosa. God duft. Ca 1,5 m høg. Sunn herdig og skuggetålande, god i fuktig klima. E (H6)

Rosa 'Charles de Mills'.
Provinsrose. Fiolettraud. Ca 1,5 m høg. Hardfør og villeg. God duft. E (H5)

Rosa 'Clair Renaissance'.
Aprikosrosa roser med middels duft. Ca 1,5 m høg. R (H4)

Rosa 'Complicata' Buskrose.
Nydeleg eingongsblomstrande buskrose med enkle roser. 2-3m. Lett duft. Nøysam og hardfør. H 5-6

Rosa 'Dronningen Af Danmark'.
Kvitrose. Mørk rosa velduftande roser. Ca1,5 m høg. E (H5)

Rosa 'F. J. Grootendorst'.
Rynke-/nellikrose. Raude små fylte roser. Hardfør og frisk. Ca 150 cm høg. Litt duft. R (H7)

Rosa 'Ferdinad Pichard'.
Lett fylte stripete roser rosa /raudlilla. Ca 1,5 m. Sterk duft. R (H4)

Rosa 'Feuerwerk'.
Halvfylte orangeraude roser. Frisk og regnsterk. Svak duft. Ca 120 cm høg. R (H5)

Rosa 'Fru Dagmar Hastrup'.
Rynkerose. Enkle lys rosa roser med litt duft. Harfør og villeg. Ca 1 m høg. R (H6)

Rosa 'Gelbe Dagmar Hastrup'.
Gul halvfylt. Ca 1 m høg. R (H5)

Rosa 'Great Western' Buskrose.
Eingongsblomstrande buskrose med raudlilla roser med sterk god duft. Ca 2m. Kan også brukast som klatrerose. (H5-6)

Rosa 'Hansa'.
Rynkerose. Purpurraude halvfylte roser. Ca 150 cm høg. Hardfør og frisk. God duft. R (H7)

Rosa 'Hansaland'.
Rynkerose. Halvfylte roser med klår raudfarge. Ein av dei beste nye rugosaroser Ca 1,5 m . Litt duft. Blomsterrik. R (H5-H6)

Rosa 'Henri Martin'.
Moserose. Velduftande karminraude roser. Blomsterrik og robust. Ca 1,5 m. E (H5)

Rosa 'Henry Kelsey'.
Kanadisk rose. Busk- og klatrerose. Halvfylt raud. 1-2 m høg. R (H5)

Rosa 'Hippolyte'.
Gallicarose. Purpurfiolett. Riktblomstrande. Ca 120 cm høg. God duft. E (H5)

Rosa 'Hugonis'.
Kinesisk gulrose. Gule enkle roser i store mengder. Ca 2 m høg. Litt duft. E (H4)

Rosa 'Ispahan'.
Damasknerrose. Mørk rosa. Ein av de beste gamle roser. Sunn og blomsterrik. God duft. E (H5)

Rosa 'Jacques Cartier' Buskrose.
Har du plass til berre ei gamal rose bør du prøve denne. Den er herdig, sunn og blomsterik. Mørk rosa med god duft. Remonterer. Ca 1,5 m. (H5)

Rosa 'Jens Munk'.
Rugosahybrid. Halvfylte rosa roser. Frisk og robust. Litt duft. Ca 1,5m høg. R (H7)

Rosa 'Lichtkönigin Lucia'.
Gule rose med duft. Ca 120 cm høg. Robust og regnsterk. R (H4-H5)

Rosa 'Louise Odier'.
Bourbonrose. Rosa velduftande roser. Ca 1,5m. Blomsterrik. R (H5)

Rosa 'Magnifica' Busk/eplerose.
Nøysom rose med halvfylte rosa roser som er sterk mot regn. Sterk duft. Ca 2-3m. (H6-7)

Rosa 'Maidens Blush'.
Kvitrose. Lys rosa med sterk duft. Ca1,5 m høg. Tåler litt skugge. E (H6)

Rosa 'Maigold'.
Kopargule velduftande roser. Hardfør og nøysom rose som vert ca 1,5 m høg. R (H4)

Rosa 'Marguerite Hilling' Buskrose.
Dett er er ein rosa sport/mutasjon av 'Nevada' Halvfylte roser med svak duft. Svært rikt førsteflor med litt gjenblomstring på hausten. Plasskrevande rose som vert opp til ca 3m.Fin som solitær. (H5)

Rosa 'Mme Plantier'.
Kvitrose. Kvite velduftande roser. Ca 1,5 m høg. E (H6)

Rosa 'Moje Hammerberg'.
Rynkerose. Raudlilla dutande roser. Frisk og hardfør rose. Ca 1 m høg. R (H6-H7)

Rosa 'Morden Centennial'.
Kanadisk rose. Mørk rosa. Robust frisk og blomsterrik. Ca 1 m høg. Litt duft. R (H6-H7)

Rosa 'Moyesii'.
Mandarinrose. Storvaksen roseart med enkle raude blomar. Ca 3 m høg. Litt duft. Vakre nyper om hausten. E (H5-H6)

Rosa 'Mozart'.
Spesiell rose med enkle små roser i skjermar. Rosa med kvitt sentrum. Hardfør og blomsterrik. Ca 1,5 m . Litt duft. R (H4)

Rosa 'Nadia Renaissance'.
Mørkeraude roser med god duft. Robust sort. Ca 1 m høg. R (H4)

Rosa 'Nevada' Buskrose.
Buskrose med rikt førsteflor og litt blomstring på hausten. Kvite halvfylte blomar med litt duft. Plasskrevande rose som kan vert ca 3 m. Fin som solitær. (H6)

Rosa 'Nova' Doggrosehybrid.
Hybrid av doggrose med halvfylte lys rosa roser og blågrønt fint bladverk. Ca 2 m. Nyper om hausten. Hardfør og lettdyrka. (H7-8)

Rosa 'Pink Grootendorst'.
Rynke-/nellikrose. Rosa små fylte roser. Ca 1,5 m høg. Hardfør og frisk. Litt duft. R (H6)

Rosa 'Ritausma'.
Rynkerose. Lys rosa til kvitt. Robust frisk og blomsterrik. Litt duft. Ca 2 m høg. Skuggetålande. R (H5-H6)

Rosa 'Robin Hood'.
Moskusrose. Riktblomstrande rose med fylte og halvfylte raude roser. Ca 120 cm høg. Regnster og robust. R (H6)

Rosa 'Robusta'.
Rugosa hybrid. Enkle raude roser. Hardfør og villeg rose. Ca 1.5 m høg. R (H5)

Rosa 'Romanze'.
Mørk rosa store blomster. God duft. Ca 1,5 m. Ein av dei beste moderne buskroser. R (H4-H5)

Rosa 'Roseraie de L'Hay'.
Rynkerose. Karminraude roser med god duft. Ca 1,80 cm. Robust og frisk. Skuggetålande. Vakre gule haustfargar. R (H6-H7)

Rosa 'Splendens' Provinsrose
Velkjent og lettdyrka rose med halvfylte raudrosa roser. Sterk duft. Store nyper. Ca 120 cm høg. Sunn og livskraftig. (H6)

Rosa 'Therese Bugnet'.
Rynkerose. Mørke rosa store roser med duft. Ca 180 cm høg. R (H6)

Rosa 'Tuscany Superb' Gallikarose.
Eingongsblomstrande rose med spesielt mørk purpurfarga halvfylte roser. Svak duft. Ca 1,5 m. Livskraftig og robust. (H5)

Rosa 'Versicolor' ('Mundi') Apotekerrose.
Dette er ein sport/mutasjon av 'Officinalis' med roser som har uregelmessige kvite striper, ellers lik 'Officinalis' Ca 120 cm. (H6)

Rosa 'Westerland'.
Store lett fylte gulorange rose med god duft. Ca 120 cm høg. God og frisk sort. R (H4-H5)

Rosa 'White Grootendorst' Buskrose
Dette er ei kvit utgåve av denne kjende rosa.Ca 1,5 m. Remonterer. (H7-8)

Rosa pendulina Bergrose.
Svært hardfør roseart. Rosaraude roser tidleg i sesongen. Lange vakre nyper om hausten. Ca 2 m høg. Lite kravfull. (H7)


D3.2 Roser, engelske.

Rosa 'Benjamin Britten'.
Spesiell raudorange farge. God duft. Ca 1 m høg. R (H5)

Rosa 'Eglantyne'.
Rosa blomar som falmar til lys rosa/kvit. Ca 1,5m høg. Sterk duft. R (H3-H4)

Rosa 'Fallstaff'.
Purpurraud. Ein av dei beste raude sortar. Ca 1 m høg. Sterk duft. R (H4)

Rosa 'Gertrude Jekyll'.
Mørkroca. Ca 120 cm høg. Duft. R (H5)

Rosa 'Graham Thomas'.
Gul. Ca 120 cm høg. Sterk duft. R (H4)

Rosa 'Heritage'.
Lysrosa. Ca 1,5 m høg. God duft. R (H5)

Rosa 'Mary rose'.
Mary rose Mørk rosa. Populær sort. Ca 120 cm høg. God duft. R (H5)

Rosa 'William Morris'.
Aprikosfarga. Ca 1 m høg. God duft. R (H5)


D3.3 Roser, klase.

Rosa 'Allotria'.
Orangeraude roser som tåler regn godt. Hardfør og robust. Ca 80 cm høg. R (H5-H6)

Rosa 'Aspirin'.
Svak rosa sa går over i kvitt. Ein av dei beste nyare sortar. Kan også brukast som markdekkerose. Ca 60 cm høg. Riktblomstrande og sjukdomsterk. R (H4)

Rosa 'Astrid Lindgren'.
Lys rosa halvfylte roser med litt duft. Hardfør og robust. Ca 1 m høg. R (H4)

Rosa 'Bernstein'. Bernsteinrose.
Kopargule roser som tåler regn. Ca 70 cm høg. R (H4-H5)

Rosa 'Bonica.
Rosa halvfylte roser. Ein av dei beste rosa roser. Hardfør og blomsterrik. Ca 1 m høg. R (H5-H6)

Rosa 'Burgundy Ice' Klaserose.
Dette er ein sport/mutasjon av den kjende rosa 'Schneewittchen' Spesiell farge. Ca 1,20 cm. Middels duft. Remonterer.

Rosa 'Christian IV'.
Mørkeraude halvfylte roser med svak duft. Regnsterk og blomsterrik. Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'Dronning Margrethe'.
Lys rosa med litt duft. Blomsterrik og sunn. Ca 60 cm høg. R (H4)

Rosa 'Egeskov'.
Lyseraud rose som tåler regn.Blomsterik og sunn. God til snitt. Litt duft. Ca 60 cm høg. R (H4-H5)

Rosa 'Europeana'.
Mørkeraude roser med litt duft. Blomsterrik. Ca 80 cm høg. R (H5-H6)

Rosa 'Fellowship'.
Aprikosfarga med god duft. Ein av dei beste i sin farge. Ca 70 cm høg. 80 cm. R (H3-H4)

Rosa 'Frau Astrid Spaeth'.
Halvfylte rosa roser med litt duft. Ca 60 cm høg. Hardfør. R (H4)

Rosa 'Fredensborg'.
Halvfylt laksrosa utoverliggjande vekst. Regnsterk og blomsterrik. Litt duft. Ca 60 cm. R (H4)

Rosa 'Friesia'.
Gule roser med duft. Ein av dei beste gule klaseroser. Ca 70cm høg. R (H4)

Rosa 'Gebruder Grimm'.
70 cm Laksorange med litt duft. R (H4)

Rosa 'Goldjuwel'. Miniatyrrose 'Goldjuwel'.
Gule roser på kompakt plante. Ca 40 cm høg. R (H4)

Rosa 'Goldmarie'.
Gule halvfylte roser med litt duft. Regnterk med friskt bladverk. Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'H. C. Andersen'.
Mørkeraude roser. Regnsterk. God til snitt. Ca 120 cm høg. R (H4-H5)

Rosa 'Home & Garden'.
Rosa roser som tåler regn. Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'Hot Chocolade' Klaserose.
Er du på jakt etter ei rose med spesiell farge, kan det vere denne. Fargen er beskreve som sjokoladeorange på ei roseside. Rundt 80 cm høg. Remonterer. Lett duft.

Rosa 'Kalmar'.
Ferskenfarga roser med littduft. Ca 60 cm høg. R (H4)

Rosa 'Katharina Zeimet'.
Små fylte kvite roser som tåler regn. Duft. Ca 50 cm høg. Hardfør. R (H5)

Rosa 'Kronborg'.
Mørkeraude roser med litt duft. Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'La Paloma'.
Kvite roser. Sunn og blomsterrik. Ca 60 cm høg. R (H4)

Rosa 'Leonardo da Vinci' Klaserose.
Ei av dei beste rosa klaseroser. Mørk rosa med svak duft. Ca 70-80 cm. Remonterer. Sunn og blomsterrik. (H4)

Rosa 'Mandarin'. Miniartyrrose 'Mandarin'.
Gulorange små roser. Ein av dei beste miniartyrroser. Ca 35 cm høg. R (H4)

Rosa 'Memoire'.
Kvite roser med god duft. Ca 80 cm høg. R (H3)

Rosa 'Nicole'.
Spesiell tofarga rose kvit/rosa. Litt duft. Ca 1,5 m høg. R (H3)

Rosa 'Nina Weibull'.
Raude roser. Ca 70 cm høg . Hardfør. Ca 70 cm høg. R (H5)

Rosa 'Olympisches Feuer'.
Eldraude roser med litt duft. Riktblomstrande og robust. Ca 50 cm høg. R (H4-H5)

Rosa 'Orange Juwel'. Miniartyrrose 'Orange Juwel'.
Orangeraud. God blomsterrik miniartyrrose. Ca 40 cm høg. R (H4)

Rosa 'Rhapsody in Blue'.
Rose med spesiell farge. Lilla. Frisk og robust. Ca 1 m høg. R (H4)

Rosa 'Riberhus'.
Laksorange roser med svak duft. Robust og blomsterik. Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'Roseborg'.
Store lys rosa roser med litt duft. Blomsterik og sunn. Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'Rosiga'.
Karminrosa. Ca 1 m høg. Litt duft. R (H4)

Rosa 'Rumba'.
Fleifarga gul/orangeraude roser med litt duft. Rimeleg regnsterk. Ca 50 cm høg. R (H4)

Rosa 'Schankenborg'.
Laksrosa roser med duft. Ca 65 cm høg. R (H 4)

Rosa 'Sonnekind'. Miniartyrrose 'Sonnekind'.
Gule roser på låg plante på rundt 35 cm. R (H4)

Rosa 'Strawberry Ice'.
Tofarga spesiell rose rosa/kvit . Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'Zwergkönigin'. Miniartyrrose 'Zwergkönigin'.
Miniartyrrose. Raud. Ca 45 cm høg. R (H4)


D3.4 Roser, klatre.

Rosa 'Aloha'.
Rosa m.gult. Hardfør og sunn rose. God duft. Ca 180 cm. R (H5)

Rosa 'American Pillar'.
Karmosinraude enkle roser med kvitt sentrum i store klasar. Ca 4 m høg. E (H4)

Rosa 'Bobbie James'.
Ein av dei aller kraftigveksande klatreroser. Kvite halvfylte roser i store skjermar. Kan verte 8 m høg. E (H4)

Rosa 'Compassion'.
Laksrosa/gul. Sterk duftande velforma roser. Ca 3 m høg. R (H4)

Rosa 'Concert' 'Calypso'.
Spesiell tofarga stripete rose raud/kvit. Svak duft. Friskt bladverk. R (H3)

Rosa 'Crazy for You' 'Fourth of July'.
Spesiell kvit/raud stripa klatrerose. Svak duft. Ca 2 m høg. R (H3-H4)

Rosa 'Etude'.
Mørk rosa. Ein av dei beste klatreroser. Duft. Ca 250 cm høg. R (H5)

Rosa 'Flammentanz'.
Raud. Ein av dei mest brukt klatreroser fordi den er så hardfør. Ca 4 m høg. E (H6)

Rosa 'Galway Bay'.
Rosa/aprikos. Middels duft. Ca 3 m høg. R (H3)

Rosa 'Gerbe Rose' Klatrerose
Gamal og god sort. Mest blomstring tidleg i sesongen, men med litt blomstring utover. Rosa med sterk duft. Ca 4 m. (H3)

Rosa 'Ghislaine De Feligonde'. Moskusrose 'Ghislaine De Feligonde'.
Moskusrose. Aprikosgule små fylte roser med god duft. Robust sort med lang blomstring. Ca 2 m høg. R (H5)

Rosa 'Glorie De Dijon'.
Aprikosgule roser med god duft. Ca 2,5 m høg. R (H3)

Rosa 'Golden Showers'.
Gule roser med duft som er sterke mot regn. Ca 2 – 3 m høg. R (H5)

Rosa 'Harlekin' Klatrerose
Den beste av tofarga klatreroser. Rosa/kvit. Lett duft. Rundt 2 m høg. Remonterer. H 3

Rosa 'Ilse Krohn Superior' Klatrerose.
Ei av dei beste kvite klatreroser. Remonterer, middels duft. Ca 3 m (H4)

Rosa 'John Cabot'. Kanadisk rose 'John Cabot'.
Kanadisk rose. Kirsebærraud m. gult senter. Frisk og regnsterk. Svak duft. Ca 2,5 m. R (H6-H7)

Rosa 'Leverkusen'.
Lysegule roser med spesiell duft. Hardfør og robust. Ca 2-3 m høg. R (H5)

Rosa 'Lykkefund'.
Lysegule halvfylte roser i skjermar. Kraftigveksande og blomsterik. Oppt til 8 m høg. God duft. E (H5)

Rosa 'New Dawn'.
Lysrosa roser med spesiell duft. Ein av dei mest brukt klaseroser. Ca 4 m høg. R (H6)

Rosa 'Parkdirektor Riggers'.
Raude halvfylte rose med svak duft. Kraftigveksande og blomsterik. Ca 3-4 m høg. R (H5)

Rosa 'Penny Lane'.
Lovande nyare klatrerose med champagnefarga roser. Blomsterrik med fin duft. Ca 2,5 m. R (H4-H5)

Rosa 'Probuzeni' (Awakening) Klatrerose
Sport/mutasjon av Klatrerosa 'New Dawn'. Denne har meir fylte roser enn 'New Dawn', ellers er den lik. (H4)

Rosa 'Rosarium Uttersen'.
Rosa roser med middels duft. Blomsterik og regnsterk. Ca 2,5 m høg. R (H3-H4)

Rosa 'Rosenresli'.
Mørkrosa roser med god duft. Ca 3m høg. Mørkt glinsand bladver. R (H3-H4)

Rosa 'Santana'.
Raude halvfylte roser med lite duft. Ei av dei beste nye klatreroser. Ca 2,5 m høg. R (H4)

Rosa 'Summer Wine' Klatrerose
Sunn og frisk klatrerose med halvfylte aprikosfarga roser. Remonterer. Høgde rundt 3 m. Duft. H 3-4

Rosa 'Sympathie'.
Mørkeraude fløyelsaktige roser med duft som også tåler regn. Ca 3 m høg. R (H4-H5)


D3.5 Roser, markdekke.

Rosa 'Amber Cover'.
Bronsegul halvfylt . Ca 50 x 70 cm. R (H4)

Rosa 'Austriana'.
Raud. Ca 50 x 90 cm. Ein av dei beste nye sortar. Regnsterk. R (H4-H5)

Rosa 'Bassino'.
Enkle mørkeraude roser med gule støvdragarar. Blomsterik. Ca 30 x 50 cm. R (H5)

Rosa 'Brilliant Cover'.
Kvit halvfylt. Ca 50 x 90 cm. R (H4-H5)

Rosa 'Candy Cover'.
Spesiell sort med halvfylte raud/kvitstripa roser. Ca 60 x 90 cm. R (H4)

Rosa 'Diamond Border'.
Kvite duftande halvfylte roser. Ca 1x1 m.Regnsterk robust og frisk. R (H4)

Rosa 'Fairy Dance'.
Raude små fylte roser. Ca 50 x 50 cm. R (H4)

Rosa 'Golden Cover'.
Lysegulle halvfylte roser. Svak duft. Ca 50 x 50 cm. R (H3-H4)

Rosa 'Golden Eye Cover'.
Gule halvfylte roser. Ca 20 x 50 cm. God og regnsterk rose. R (H5)

Rosa 'Heidetraum'.
Rosaraude lett fylte roser. Robust og frisk sort. Ca 70 x 80 cm. R (H4)

Rosa 'Sommermärchen'.
Mørkrosa halvfylte roser med lett duft. Ca 50 x 80 cm. God sort. R (H4-H5)

Rosa 'Sommervind'.
Rosa fylte roser. Blomsterrik. Ca 60 x 70 cm. R (H4)

Rosa 'The Fairy'.
Rosa fylte små roser. Robust og frisk sort. Ca 60 x 80 cm. R (H5-H6)

Rosa 'Tommelise'. Sandefjordrose.
Enkle mørk rosa blomar. Ein av dei beste markdekkeroser. Ca 40 x 100. R (H5-H6)

Rosa 'White Cover'.
Halvfylte kvite små roser. Ca 40 x 50 cm. Blomsterik og god sort. R (H4-H5)


D3.6 Roser, stilk.

Rosa 'Alexander'.
Sinoberraud 1,2 m Regnsterk. R (H3)

Rosa 'Barkarole'.
Mørkeraud. Nesten svart i knopp. Heldt fargen godt. Middels duft. Ca 90 cm. R (H4)

Rosa 'Chicago Peace'.
Rosa/gulorange. Svak duft. Ca 1 m høg. R (H4-H5)

Rosa 'Courage'.
Mørk Raud. Regnsterk og riktblomstrande. Heldt lenge i vase. Lett duft. Ca 70 cm. R (H4)

Rosa 'Dronning Ingrid'.
Ferskenfarga med god duft. Ca 90 cm høg. Sunn rose. R (H4)

Rosa 'Flora Danica'.
Bronsefarga. Blomsterrik. Duft. Ca 70 cm høg. R (H3)

Rosa 'Hanne'.
Raud. Sterk duft. Ca 80 cm høg. Sterk mot regn. R (H4-H5)

Rosa 'Ingrid Bergman'.
Mørkeraud. Ein av dei beste stilkroser, frisk og sunn. Ca 80 cm høg. Svak duft. R (H4)

Rosa 'Kleopatra'.
Raud/messingfarga. Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'Lady Like'.
Mørk rosa. Sterk duft. Ei praktfull rose. Ca 1 m høg. R (H3)

Rosa 'Landora'.
Gul. Svak duft. Ca 70 cm høg. R (H3-H4)

Rosa 'Leonardo da Vinci'.
Mørk rosa . Litt duft. Robust frisk og regnsterk. R (H4-H5)

Rosa 'Leonora Christine'.
Mørkeraud. Sterk duft. Ca 90 cm høg. Tåler eindel regn. R (H4)

Rosa 'Louisiana'.
Rosa. Middels duft. Ca 80 cm høg. R (H4)

Rosa 'Nostalgie'.
Tofarga , raud m. kvitt sentrum. God duft. Ca 80 cm høg. R (H3)

Rosa 'Queen Elisabeth'.
Rosa . Svak duft. Ca 1 m høg ,men kan verte 2 m. R (H4)


------------------------------

D4 Sommarblomster.


Ageratum. Blåkorg.
Blå 20 cm riktblomstrande.

Alyssum. Smådodre.
Kvit,15 cm. Fin plante for kant og bed, spesielt fin på graver.

Antirrhinum majus. Løvemunn.
Riktblomstrande plante 20 -50 cm. Fargeblanding. Regnsterk.

Begonia pendula Hengebegonia.
Ein av dei mest blomsterrike hengeplantar. Altfor lite brukt. Toler skugge. Fleire fargar.

Begonia semperflorens. Isbegonia.
Riktblomstrande begoniasort, bør ikkje plantast for tidleg ut, tåler skugge.

Begonia tuberous. Knollbegonia.
Riktblomstrande plante i vidt fargespekter. Bør ikkje plantast ut for tidleg. Fine i bed, kassar, potter og graver. Tåler godt regn og skugge.

Bidens.
Riktblomstrande hengeplante som burde brukast meir, gul.

Brachycome. Blåkrage.
Hengande plante med lys blå blomster,lang blomstringstid. Flott i ampel eller potter. Prøv den saman med Sanvitalia.

Calendula hybrid. Ringblomst.
Undervurdert sommarblomst. Blomsterrik. Snittblomster. Lett å så. Tåler regn.

Chrysanthemum frutescens hybridar. Margeritt.
Dette er vel ei plante dei fleste kjenner til. Finnst no i fleire fargenyansar.

Cosmos bipinnatus hybrid. Pyntekorg.
Sommarblom som er lett å så og dyrke. Snitt. 50 - 100 cm høg.

Dahlia. Sommargeorginer.
Riktblomstrande og bra regnsterk, mange fargar.

Dianthus chinensis. Kinanellik.
Ein av dei beste sommarblomar. Spesielt er Telstar serien god.

Diascia. Tvillingblomst.
Riktblomstrande ampelplante, rosa.

Dorotheanthus bellidiformis. Middagsblomst.
Plante for solrik plass. 10 cm, fargeblanding.

Fuchsia. Tåre. Kristi blodsdråpe.
Denne finnst i mange flotte sortar, og er ein av dei aller beste plantar for vått klima. Har mange sortar her. God til graver.

Gazania hybrid. Påfuglblomst.
Fargerik plante for solrik plass. Blomane opnar seg i sol.

Helichrysum petiolare. Stråblomst.
Flotte bladplantar for urner ampel og bed, dekkjer godt. Dette er ei plante som burde brukas langt meir. Har tre sortar, den vanlege med gråe blad + brokete og gulblada sort.

Lavatera trimestris. Hagepoppelrose.
Blomsterrik og lettdyrka. Snitt. Lang blomstringstid.

Lobelia 'Big Blue'.
Mørk blå. Håpar den er like god som "Richardii". Ny 2002.

Lobelia 'Richardii'.
Ei av dei beste og mest "slitesterke" lobeliasortar som finns. Desverre ikkje så lett å selje då den har litt lys farge. Sterktveksande sort med lang blomstringstid.

Lobelia. Hengelobelia. Kantlobelia.
Riktblomstrande plantar for kant og ampel/potter.

Mimulus. Gjøgler. Kjerlighet på landet.
Riktblomstrande plante som burde brukast meir. Rosa, raude og gule nyansar. 20 cm, for bed og potter.

Nemesia hybrid.
Riktblomstrande i fleire fargar.

Osteospermum hybrid. Spansk margaritt.
No i fleire fargar. Lang blomstring. Sol. Fin i potter.

Pelargonium peltatum. Hengepelargonium.
Riktblomstrande hengeplantar i raude-rosa nyansar. Krev sol og ikkje altfor mykje regn for å vere fine. De enkle sortane ser ut til å vere betre i regn.

Pelargonium zonale. Pelargonia.
Riktblomstrande, men krev tørt, beskytta og solrikt for å verte fin.

Petunia 'Arnhild'.
Nautesund Plantesalg har glede av å tilby kundane sine ein ny norsk hengepetunia. Sorten "Arnhild" er ein sport/mutasjon av Surfinia "Blue Vein". Fargen er ein mellomting mellom blå og lilla. Elles har planten alle dei gode eigenskapane frå "Blue Vein" og er blandt det beste av det beste når det gjeld hengepetunia.

Petunia 'Million bells'. Hengepetunia.
Denne er minde i vekst og blomar enn surfinia, men like riktblomstrande, blålilla.

Petunia 'Pink Ice'. Hengepetunia.
Hengepetunia med rosa blomar og brokete blad. Dette er ein sport/mutasjon som eg fann her i 1996. Kom først på markedet i Storbritannia i 2000 der den selde over 800 000 plantar. Kom på det norske markedet og andre europeiske land i 2002.

Petunia 'Surfinia' 1. Hengepetunia.
Sortar i lilla, rosa og blå nyansar som alle er bland dei aller beste plantar som finnst.

Petunia 'Surfinia' 2. Hengepetunia.
Sortar i lilla, rosa og blå nyansar som alle er bland dei aller beste plantar som finnst.

Petunia hybrida. Petunia.
Fargeblanding, krev tørt og solrikt ver for å verte fine.

Sanvitalia.
Hengeplante som blomstrar spesielt rikt og lenge, gul. Ein av dei mest regnsterke.

Scaevola. Femtunge.
Riktblomstrande hengeplante for potte og ampel, blå. Prøv den saman med Bidens.

Senecio. Sølvkrans.
Flott bladplante som burde brukast meir. Står fint lenge, gjerne gjennom heile vinteren.

Sutera Bacopa.
Spesielt riktblomstrande hengeplante for ampel, potter og kant. Kvite, rosa og lilla sortar.

Tagetes. Fløyelsblomst.
Denne er vel godt kjend, finnst i orange og gule nyansar. Lang blomstringstid.

Tropaeolum 'Hermine Grasshoff'. Blomkarse.
Fylt orangeraud sort som ikkje set frø, må formerast med stiklingar. Hengande vekst 1-2m.

Viola. Stemorsblomst.
Tåler eindel frost og er bland dei første ein kan plante ut.


------------------------------