 |
Eksotiske
Plantar |
|
UVANLEGE OG EKSOTISKE PLANTAR PÅ
FRILAND
Det er spennande å prøve ut kva som
går å dyrke på friland på
heilårsbasis. Nedanfor er eit lite utvalg av plantar som er
dyrka her og som kansje ikkje er heilt vanlege. Høyrer
gjerne frå andre med erfaring med litt uvanlege og
eksotiske plantar på friland.
|
|
Mvh Håkon E-post: haakon@nautesund.no
|
|
|

Agapanthus campanulatus ssp. patens.
Art frå Drankenbergsfjella i Sørafrika som er bra
hardfør.
Ein av mine favorittstaudar med blomstring i august -
september.
|
|
Cordyline australis.
Heiter Dragelilje på norsk. Palmeliknande plante frå
New Zealand. Min står i ein kasse under altanen med
røter nedi grunnen. Har fått litt beskyttelse
gjennom kalde periodar, men ingen dei to siste vintrane.
Overraska med blomstring i sommar. Har også planta nokre ut
i bed.
|
 |
|
Cortaderia
richardii.
Det er synd at eit så fint pampasgras nesten er ukjendt her
til lands. Fullt hardført her og med strå på
rundt 3 meter i slutten av juli.
Fatsia japonica.
Ein plante som dei fleste kjenner som inneplante. Har
høyrt at også andre har dyrka den med hell i gode
strøk. Min plante står litt beskytta under
furetre. |
|

Eucalyptus.
Dyrkar dei to artene frå Tasmania E. gunni og E.
dalrymplerana.
Eucalyptus dalrymplerana er no over 8 meter og blomstrar i august
– september.
Andre artar vil vert prøvd ut etter kvart.
|
|

Fuchsia.
Forutan Fuchsia magellanica er det også verd å
prøve meir hardføre kultivarar i gode
strøk.
Sortane 'Mr Popple' og 'Whiteknight Pearl' ser ut til å
klare seg bra utan noko form for dekking. |

Plantane visnar heilt ned og tek til å blomstre i slutten
av juli og heldt det gåande til frost.
Sorten 'Whiteknights Pearl' vaks til 150 x 150 cm i løpet
av sommaren 2006.
|
|
Nothofagus alpina.
Snøggvekasnde art frå Chile/Argentia. Fullt
hardfør her. Fin haustfarge.
|
 |
|

Pormium tenax.
Vintergrøn plante frå New Zealand.
Ingen vinterskade så langt.
Plante her er no ca 180 cm høg.
|
|

Rhododendron.
Samlinga her består vel av rundt 2-300 artar og
kultivarar.
Foto her syner arten Rhododendron niveum og ein krysning av
macabeanum og falconeri med blad som er rundt 40 cm lange.
Rhododendron niveum er sådd av frø innsamla i Sikkim
i India.
|

Då den eine og einaste planten av denne arten eg har
blomstra no i vår, var det første gong eg såg
denne arten i blomst.
Rhododendron niveum har ein spesiell lilla farge.
|
|

Vitis coignetiae.
Er kansje ikkje så uvanleg, men burde plantast meir der det
er plass nok.
Ein art som liknar og er i slekt med druer.
Kraftigveksande klatreplante som er rundt 15 meter høg
her. Store blad som kan verte opp mot 30 cm. Fin
haustfarge.
Passar godt som klatreplante i tre.
|
|
 |
|