Plantedata frå NP database 06.02.2012 (Mon) 00:24:12

P6.2 Staudar C-D.

Prisgrupper: (1) kr 35,-    (2) kr 40,-    (3) kr 45,-    (4) kr 50,-   

Caltha leptosepala. Bekkeblom.
Fin art med lang blomstring. Kvit. Ca 30 cm. For fuktig vekseplass. (4)

Caltha palustris 'Alba'. Kvit bekkeblom.
Kvit 25 cm, april-mai. Fin plante for våte plassar. (4)

Campanula 'Sarastro'. Prikk-klokke.
Djup lilla. 40 cm. Juli - august. (4)

Campanula cochlearifolia. Småklokke.
Ein av dei finaste og villigaste campanularter. Spreier seg godt. Ca 10 cm. Blå. Juni - juli. (2)

Campanula poscharskyana 'Rosea'.
Rosalilla variant av stjerneklokke. (2)

Campanula posharskyana 'Alba'. Stjerneklokke.
15 cm, kvit, juni-juli. Fin i mur. (2)

Campanula posharskyana 'Stella'. Stjerneklokke.
15 cm, blå, juni-juli. Fin i mur. (2)

Campanula punctata. Prikk-klokke.
Rosa m .flekkar. 60 cm. Juni-juli. (3)

Cephalaria gigantea Gulknapp.
Høg staude som vert rundt 2 meter. Blomstring i juli - august med lysegule runde blomar. For veldrenert vekseplass i sol-halvskugge. Fin mot ein mørkegrøn hekk. Planteavstand ca 50 cm. (3)

Chamaemelum nobile 'plenum'. Nobelgåseblom.
20 cm, kvit, juni-august. (2)

Chelone obliqua. Duehode kvit.
Kvit 40 cm. August-september. (2)

Chelone obliqua. Duehode rosa.
60 cm rosa. August-september. Ein av dei aller beste staudar for hausten. Tåler godt vind og ver. (3)

Chrysanthemum 'Clara Curtis'.
Seintblomstrande staude. September-oktober. Lillarosa 60 cm. God til snitt. (3)

Cimicifuga ramosa 'Atropurpurea'. Ormedrue.
Kvit 200 cm. August-september. Flott solitærplante. Raudbrunt bladverk. kr 80,-

Cimicifuga ramosa 'Brunette'. Haustormedrue.
2m kvit. Blomstring september–oktober. Ein god sort med svært mørkt bladverk. kr 120,-

Convallaria majalis 'Flore Pleno' Fylt liljekonvall
Kultivar av liljekonvall med fylte blomar med duft i mai - juni. Ca 15 - 20 cm. Sol - skugge. Fin skogsbotnplante. Planteavstand ca 30 cm. (3)

Coreopsis verticillata 'Zagreb'. Solvakkerøye.
Verdifull riktblomstrande staude for ettersommar og haust. Gul. 30 cm. Sol. Snittblomst. Rabatt. Fin saman med Aster "Early Blue". (2)

Cortusa matthioli 'Alba'
Fin primulaliknande staude for halvskugge og fuktig humusrik jord. Kvite blomar i mai-juni. Ca 25 cm høg. Planteavstand ca 30 cm. (3)

Corydalis elata. Himmellerkespore.
50 cm, blå. (4)

Crocosmia masoniorum. Værhane spesiell.
Værhaneart der blomane vender oppover. Hardfør her. Orange 40 cm, blomstring i august - september. (2)

Crocosmia x crocosmiiflora. Værhane orangegul.
Den vanlegaste sorten. Fullt hardfør her og spreier seg lett. Orangegul, 50 cm, august-september. Snittblomst. (3)

Darmera peltata. Skjoldsildre.
70 cm, lys rosa, mai-juni. Dekorativ bladplante ved dam, bekk. (3)

Dianthus 'Atlungstad'. Hagefjørnellik.
20 cm, kvit, juni-juli. Fin til fjellhage og murkant. God duft. (3)

Dianthus deltoides 'Arctic Fire'. Engnellik.
Nøysom plante for fjellhage og skrinne plassar. 20 cm.Tofarga kvit/raud. juni - juli. (2)

Dianthus gratianopolitanus 'Purpurstjernen'. Pinsenellik.
Rosaraud, 20 cm, juni-juli. Fjellhage. (2)

Diascia anastrepta 'Sani'. Tvillingblomst.
30 cm, rosa, juli-september. Den mest hardføre arten. Fjellhage. (2)

Diascia fetcaniensis. Tvillingblomst.
Rosa 30 cm, juni-august. Riktblomstrande. Lun vekseplass. Kan og brukast som sommarblomst i ampel. (2)

Dicentra formosa 'Aurora'. Småhjarte.
Plante med lang blomstringstid. Kvit. 30 cm. Mai - september. Humsrik næringsrik jord i sol - halvskugge. (4)

Dicentra spectabilis 'Alba'. Løytnantshjerte, kvit.
70 cm, mai-juni. (4)

Dicentra spectabilis. Løytnantshjerte.
70 cm, rosa/kvit, mai-juni. (4)

Dodecatheon meadia 'Rote Farben'. Gudeblom.
Raud. 30 cm. Mai-juni. (3)

Dryas x suendermannii. Hybridreinrose.
15 cm, kvit, mai-juni. Vintergrøn, teppedannande. (3)