Plantedata frå NP database 05.09.2010 (Sun) 03:40:06

P3.3 Busker og tre (småplantar) I-P.

Prisgrupper: (1) kr 35,-    (2) kr 40,-    (3) kr 45,-    (4) kr 50,-   

Dette er for det meste småplantar dyrka i 9x9 cm potter for vidarekultur. Eindel bør pottast opp i større potter og få ei beskytta overvintring den første vinteren, mens andre kan plantast rett ut. Litt etter kor i landet det er.

Ilex aquifoliun "J. C. Van Tol".
Søyleforma sjølvpolinerande sort. Raude bær. 3 m. (4) (H3)

Ilex crenata "Golden Gem" Kristorn.
Liten kompakt kultivar med bladverk som får best gulfarge om vinteren og vår. Ca 40 cm. Fin til fjellhage og mellom vintergrøne. (4) (H3)

Jasminum nudiflorum. Vinterjasmin.
Ein av dei tidlegaste busker i blomst. Gule blomar frå januar til - mars april. Best oppbunden mot lun vegg. (4) (H1-2)

Jasminum officinalis. Kvitsjasmin.
Klatrande 2-3 meter. Blomstring juni – september. For gode strøk. (4) (H2)

Kerria japonica "Pleniflora". Soleiebusk.
Rundt 2 m høg. Gule fylte blomar i juli -september. (4) (H3-H4)

Kerria japonica. Soleiebusk
Den reine enkle arten av soleiebusk er lite dyrka, men vel så fin som den meire vanleg fylte kultivaren. Mest blomstring om våren, men også sporadisk blomstring utover sommaren. Ca 1,5 - 2m. (4) (H3-4)

Kolkwitzia amabilis "Pink Cloud". Fagerbusk.
2 m. Juni-juli. Best blomstring når greinene er 3-4 år gamle så difor liten eller ingen skjering. (4) (H4)

Lonicera henryi. Vinterkaprifol.
Kraftigveksande vintergrøn kaprifol for sol eller skugge. Ubetydelege blomar. God plante som burde brukast meir der den er hardfør. (4)

Lonicera japonica "Auroreticulata".
Kaprifol med spesielt bladverk. For gode strøk. 2m. (4)

Lonicera nitida "Baggesens Gold". Myrteleddved.
Vintergrøn lita buske med bladverk som er gult om sommaren og gulgrønt om vinteren. Ca 1 m høg. (4) (H2)

Malus toringo var. sargentii Sargenteple
Fint tre som kan verte 3-4 m høg. Snøkvite blomar i mai - juni. Fine raude frukter om hausten. Bør få solrik lun vekseplass for å sikre god blomstring. kr 70,- (H6)

Philadelphus "Belle Etoile". Sjersmin.
Kvite blomar med mørkt sentrum juni-juli. Ca 2 meter. (4) (H5)

Philadelphus "Schneesturm". Fylt skjærsmin.
1,5 m. Kvite fylte blomar med duft. Juli. (4) (H4)

Philadelphus coronarius aureus nana Gulblada sjersmin.
Gulblada dvergform av sjersmin. Ca 50 cm høg. Best farge på blada i sol. kr 70,-

Physocarpus opulifolius "Darts Gold". Gulblada blærespirea.
Rundt 2 meter høg. Kvite blomar juni. (4) (H5)

Podocarpus nivalis.
Ein av dei mest hardføre artar. Liknar barlind. Krypande vekst. (4) (H4)