Plantedata frå NP database 29.07.2010 (Thu) 19:48:45

P3. Busker og tre (småplantar). A-Z

Prisgrupper: (1) kr 35,-    (2) kr 40,-    (3) kr 45,-    (4) kr 50,-   

Dette er for det meste småplantar dyrka i 9x9 cm potter for vidarekultur. Eindel bør pottast opp i større potter og få ei beskytta overvintring den første vinteren, mens andre kan plantast rett ut. Litt etter kor i landet det er.

Acer monspessulatum.
Europeisk lønneart, 6-8m. (4)

Alnus cordata Italiensk or.
Flott art av or for milde strøk. Ca 5 m. kr 70,-

Buxus sempervirens "Latifolia Maculata".
Ein av dei beste broketblada buksbomsortar. Vert rundt 1,5 m. (3)

Cornus alba "Ivory Halo" Sibirkornell.
Nyare broketblada sort av sibirkornell som har ein meir kompakt veksemåte. Ca 150 cm høg. Raude greiner som har stor prydverdi om vinteren (4) (H7)

Deutzia "Mont Rose". Stjernetopp.
Rosa blomar i juni-juli, ca 1,5 m høg. (4)

Deutzia hookeriana.
Lita klokkebusk med lys rosa blomar i juli. 80 cm høg. (4)

Euonymus planipes Sakalinbeinved
Sakalinbeinved er kjend for sine flotte frukter. Kan verte 4 - 5 m høg. Best haustfarge og fruktsetjing i sol. kr 60,- (H5)

Deutzia compacta
Sjeldan art med med kvite blomar i juli. Ca 1 m høg. (4)

Forsythia "Gold Bells" Gullbusk.
Ca 1 - 2 m. Gule blomar i april - mai. God til driving. Best blomstring i full sol. (4) (H4)

Fraxinus ornus. Mannaask.
Lite tre eller stor busk. 6-8m. Store blad. Kvite duftande blomar. (4) (H5)

Humulus lupulus "Aureus".
Gulblada humle. Best i full sol. 3-6 m. (4) (H7)

Hydrangea paniculata "Limelight" Syrinhortensia.
Sort som først får limegrøne blomar som gradvis skiftar til krem, for til slutt å få rosa skjer. Ca 1-3 m alt etter om du klipper den ned om våren eller ikkje. August - oktober. (4) (H4)

Hydrangea serrata "Blue Bird". Hagehortensia.
Hagehortensia med blåe blomar som varer lenge. August - september. God haustfarge. (4)

Hypericum "Hidcote". Gullperikum.
Ein av dei beste busker for ettersommaren, med god blomstring i juli-september. (2)

Ilex aquifoliun "J. C. Van Tol".
Søyleforma sjølvpolinerande sort. Raude bær. 3 m. (4) (H3)

Ilex crenata "Golden Gem" Kristorn.
Liten kompakt kultivar med bladverk som får best gulfarge om vinteren og vår. Ca 40 cm. Fin til fjellhage og mellom vintergrøne. (4) (H3)

Jasminum nudiflorum. Vinterjasmin.
Ein av dei tidlegaste busker i blomst. Gule blomar frå januar til - mars april. Best oppbunden mot lun vegg. (4) (H1-2)

Jasminum officinalis. Kvitsjasmin.
Klatrande 2-3 meter. Blomstring juni – september. For gode strøk. (4) (H2)

Kerria japonica "Pleniflora". Soleiebusk.
Rundt 2 m høg. Gule fylte blomar i juli -september. (4) (H3-H4)

Kerria japonica. Soleiebusk
Den reine enkle arten av soleiebusk er lite dyrka, men vel så fin som den meire vanleg fylte kultivaren. Mest blomstring om våren, men også sporadisk blomstring utover sommaren. Ca 1,5 - 2m. (4) (H3-4)

Kolkwitzia amabilis "Pink Cloud". Fagerbusk.
2 m. Juni-juli. Best blomstring når greinene er 3-4 år gamle så difor liten eller ingen skjering. (4) (H4)

Lonicera henryi. Vinterkaprifol.
Kraftigveksande vintergrøn kaprifol for sol eller skugge. Ubetydelege blomar. God plante som burde brukast meir der den er hardfør. (4)

Lonicera japonica "Auroreticulata".
Kaprifol med spesielt bladverk. For gode strøk. 2m. (4)

Lonicera nitida "Baggesens Gold". Myrteleddved.
Vintergrøn lita buske med bladverk som er gult om sommaren og gulgrønt om vinteren. Ca 1 m høg. (4) (H2)

Lonicera x brownii "Dropmore Scarlet".
2-3 m. Blomstring juli-oktober. (4) (H5)

Lonicera x tellmanniana. Tellemannskaprifol.
Gule blomar i juni-juli. 3-4 m. (4) (H5)

Malus toringo var. sargentii Sargenteple
Fint tre som kan verte 3-4 m høg. Snøkvite blomar i mai - juni. Fine raude frukter om hausten. Bør få solrik lun vekseplass for å sikre god blomstring. kr 70,- (H6)

Paeonia lutea ludlowii. Trepeon.
Gule blomar i juni, fint bladverk, 1,5m. kr 70,-

Philadelphus "Belle Etoile". Sjersmin.
Kvite blomar med mørkt sentrum juni-juli. Ca 2 meter. (4) (H5)

Philadelphus "Schneesturm". Fylt skjærsmin.
1,5 m. Kvite fylte blomar med duft. Juli. (4) (H4)

Philadelphus coronarius aureus nana Gulblada sjersmin.
Gulblada dvergform av sjersmin. Ca 50 cm høg. Best farge på blada i sol. kr 70,-

Physocarpus opulifolius "Darts Gold". Gulblada blærespirea.
Rundt 2 meter høg. Kvite blomar juni. (4) (H5)

Podocarpus nivalis.
Ein av dei mest hardføre artar. Liknar barlind. Krypande vekst. (4) (H4)

Quercus ilex. Steineik.
Vintergrøn eikeart med vintergrøne blad som minner om kristorn. For dei beste strøk. Ca 2-4m. (4) (H2)

Rhamnus purshiana.
Trollheggart frå vestlege USA. Fint ruglete bladverk. Usikker på hardførheit og storleik her, men bør gå i milde strøk. (4)

Rhododendron "Egret".
Liten plante med snøkvite små klokker. Rundt 30 cm høg. For gode strøk. (4) (H2)

Ribes odoratum. Gullrips.
Prydbuske som er altfor lite brukt. Gule blomar i mai. Ca 2 m høg. Haustfarge. (4) (H7)

Salix helvetica. Sveitservier.
Liten tett vier med kvitfilta blad. Gåsungar om våren. Ca 80 cm. flott kontrastplante. Høver også for våte plassar. (4) (H5)

Salix lindleyana.
Låg krypande seljeart. 5 cm høg. Fine gåsungar om våren. Fjellhage. (3)

Salix purpurea "Gracilis". Raudpil.
Raudbrune glinsande grasiøse skudd. Raude knoppar og gåsungar. 1-2m. (4) (H4)

Sambucus racemosa "Sutherland Gold".
Fin kultivar av raudhyll med gule flika blad. 1-2 m. (4) (H6)

Sorbus reducta Dvergrogn.
Flott rogneart som vert ca 40 cm. Raudrosa frukter om hausten. Fin raud haustfarge. Fjellhage. Best bladfarge i sol. (4) (H6)

Spirea japonica. Gulblada form. Japanspirea.
Gulblada form av japanspirea. Ca 50 cm høg. Rosa blomar i juni - juli. God kontrastplante. Er usikker på kultivarnamn, men planten er mjøldoggfri i motsetning til andre liknande kultivarar.(avbilda saman med Lychimachia ciliata Firecracer) (4)

Vitis coignetiae.
Imponerande klatreplante med flott bladverk.Fin haustfarge. Kraftigveksande. Ca 15 m høg her. Flott klatrande i tre. ( Er usikker på kor hardfør den er.) (4) (H5)??

Weigela "Brigela" Klokkebusk.
Nyare broketblada sort. Raudrosa blomar i juni - juli. Ca 2 m høg. Bladverk gult/grønt. (4) (H4)

Weigela florida "Ruby Queen" Purpurklokkebusk.
Låg klokkebusk på rundt 60 cm med mørkt bladverk og rosa blomar i juni. Fin kontrastplante. (4) (H4)

Weigela florida "Variegata" Klokkebusk.
Ei av dei beste broketblada busker. Ca 1,5 m. Rosa blomar i juni. (4) (H4)