| Plantedata frå NP database 06.02.2012 (Mon) 01:01:18
|
|
P3.4 Busker og tre (småplantar) Q-Z.
|
| Prisgrupper: (1) kr 35,-
(2) kr 40,-
(3) kr 45,-
(4) kr 50,-
|
|
| Dette er for det meste småplantar dyrka i 9x9 cm potter
for vidarekultur. Eindel bør pottast opp i større
potter og få ei beskytta overvintring den første
vinteren, mens andre kan plantast rett ut. Litt etter kor i
landet det er. |
|
|
|
| Rosa 'Francois Juranville' Klatrerose. |
| Gamal klatrerosesort med sterk duft og rosa blomar. Hovedflor i juni - juli med sporadisk blomstring utover. Kan verte 5 m høg. Desse plantane er stiklingformerte. Kr 60,- (H2-3) |
|
|
| Rosa 'Lykkefund' Klatrerose. |
| Livskraftig rose som kan vekse opptil 10 meter i tre. Velduftande kremfarga blomar i store skjermar. Eingongsblomstrande. Desse plantane er stiklingformerte. Kr 60,- (H4-5) |
| |
|
| Salix purpurea 'Gracilis'. Raudpil. |
| Raudbrune glinsande grasiøse skudd. Raude knoppar og gåsungar. 1-2m.
(4) (H4) |
| |
|
| Sambucus nigra 'Marginata' Broketblada svarthyll. |
| Gamal broketblada kultivar som er vanleg i hagar heromkring. Vert eit lite tre eller busk på opp til ca 4 m. Kremkvite sterkt duftande blomar i juni. Nøysom plante for sol eller skugge. kr 70,- (H4-H5) |
|
|
| Sambucus racemosa 'Sutherland Gold'. |
| Fin kultivar av raudhyll med gule flika blad. 1-2 m.
(4) (H6) |
|
|
| Sorbus koeheana. Kvitrogn. |
| Ein av dei beste rognartar. Lite tre som får kvite bær og fin haustfarge.
kr 70,- |
|
|
| Sorbus reducta Dvergrogn. |
| Flott rogneart som vert ca 40 cm. Raudrosa frukter om hausten. Fin raud haustfarge.
Fjellhage. Best bladfarge i sol. (4) (H6) |
| |
|
| Spirea japonica. Gulblada form. Japanspirea. |
| Gulblada form av japanspirea. Ca 50 cm høg. Rosa blomar i juni - juli. God kontrastplante. Er usikker på kultivarnamn, men planten er mjøldoggfri i motsetning til andre liknande kultivarar.(avbilda saman med Lychimachia ciliata Firecracer) (4) |
|
|
| Weigela 'Brigela' Klokkebusk. |
| Nyare broketblada sort. Raudrosa blomar i juni - juli. Ca 2 m høg. Bladverk gult/grønt. (4) (H4) |
|
|
|